Om oss
Naustet Grill har stått i Hamnegata i Volda sidan 1980.
Naustet Grill blei etablert i 1980, og namnet kjem frå det opphavlege bygget til Naustet Grill, som likna litt på eit naust. Det låg like ved der Westre bakeri ligg i dag.
Det var først ein forholdsvis liten kiosk, men blei bygd på til dobbel storleik på 90-talet. Då blei også uteområdet på framsida utvida.
I 2000 blei Naustet Grill med i Kysten Rundt-kjeda, og er medlem der enda.
Lokalet er nyleg pussa opp, og i dag er vi 24 tilsette i Hamnegata.


